Jamska

Jamtlandsmålet  –  Målet åt jamtom

av Bo Oscarsson och umsett til nynorsk av Paul Sandøy

På svenska

Denna artikel (version 2) har i en tidigare version publicerats i Jamtamots i Uppsala jubileumsskrift 1985 Jamtamot, Upsala 1915-1985, samt i boken Dä glöm fäll int jamska, utgiven av Margareta Persson (red.) år 1986. Version 2 är umsett til nynorsk av Paul Sandøy. Artikeln får kopieras för privat läsning och icke-vinstbringande spridning inom den egna kamratkretsen (ett av syftena med att lägga ut artikeln), men får ej utan författarens medgivande genomgå allmän spridning via andra media än Jamtamots hemsida, oavsett om spridningen är vinstbringande eller ej.
Senaste uppdatering: 2001-01-28

Innleiding

Namnet på språket vårt er jamska. Det finst i litteratur frå 1800-talet, men er med vissa eldgamalt. Me veit frå runesteinen på Frøysøyi at landet vart kalla Jamtaland på 1000-talet. Namnet er avleidd frå ordet jamtar, som er namnet på folket. I dag er den offisielle skrivemåten Jämtland. Det er av di namnet på landet hev skift i takt med dei maktene som hev okkupera Jamtland. Etter å har vore eit sjølvstendigt rike i vikingetidi, kom me i 1178 under norsk styre, som seinare vart danskt.

Etter di danskane uttalar a-en nærast ä, vart skrivemåten etterkvart Jemtland. Svenskane tok over denne måten å skriva namnet på i 1645. Gjennom det svenske rettskrivingsbrigdet på slutten av 1800-talet vart e byta med ä, og den offisielle skrivemåten vart soleides Jämtland. Med det trengde nemningi jämska gjennom, og for å få det litt finare, vart det til jämtska. Men den rette formi er jamska, etter di ho byggjer på ein livande munnleg tradisjon som enno er i bruk. Eit døme er bygdemuseet Jamtli, som vart gunnlagd i 1912. Det var ingen som då hevda at namnet skulle vera Jämtli. Skrivemåten med a i Jamtli og jamska, er ogso ei historisk stadfesting av at målet vårt gjeng attende til sjølvstendetidi.

Jamskan, eit språk

Um me ser kva som særmerkjer jamskan, finn me eit eige formverk, eigne ord som må umsetjast og ein eigen meiningsbygnad. Ser me vidare på svensk og norsk finn me dei same eigenskapane. Ingen språkkunnig stiller spursmål ved um dette er eigne språk. Like fullt neittar språvitarane at jamskan er eit eige språk. Kva kjem det seg av?

Svaret gjev språkforskaren og professor Didrik A.Seip: "Det er umulig å sette noen fast grense mellem sprog og dialekt. I mange tilfelle er det politisk-geografiske hensyn som avgjør det." [1] Den same forklaringi gjev dosenten Bengt Pamp: Grensdragingi millum språk og dialekt går ofte etter politiske snarare enn reint språklege utgangspunkt. [2] Det er av di Jamtland ikkje er ein sjølvstendig nasjon at språkvitarane ikkje godtek jamskan som eit eige mål. Men etter di Jamtland tidlegare hev vore ein sjølvstendig nasjon, vil eg med historisk rett kalla jamskan eit språk!

Målføre i jamskan

Det er fyrst nå me innser at jamskan er eit språk, me fær forklaringi på kvifor jamskan er so skiftande. Skiftingane fylgjer dei ulike målføri i jamskan. Var jamskan eit svensk målføre som dei svenske språkkunnige hevdar, skulde me altso hava måføre av målføret. Noko som i so fall ville vori unikt for ikkje å segja umoglegt. Nei, jamskan er eit språk med minst ti målføre, som til dømes hammerdalsmål, offerdalsmål, bergsmål og aspåsmål, berre for å nemna nokre. Det hev seg slik at det er meir som bind saman dei jamske målføri, og systematisk stend dei samla fram som eit eige språksystem samanlikna med det svenske målet.

Det som fyrst bind saman dei jamske målføri, er ordtilfanget. Om det er nokre som er fejen eller sint i Berg, so er dei det med i Hammerdalen, Offerdalen og Aspås, med just den same tydingi, nemleg glad og arg. I andre ord kan uttalen ymsa millum bygdene, men ordi er like fullt dei same slik at me kan skyna kvarandre. Det som me i Jamtland kan uppfatta som store skilnader er oftast berre skiftingar i sjølvljodi soleides at uttalen av eitt og same ordet ymsar av den grunn. For å taka eit døme: himilretningi aust kann heita est, ast, ust, yst og til og med øst. Altså minst seks ulike måtar å uttala same ordet. Dømi er henta frå sokni Mørsil, Offerdalen, Aspås, Nes, Revsund og Hammerdalen.

Serdrag i jamskan

Dei særdragi som klårast skiljer jamskan frå svenskt er den vestnordiske u:en, som me hev i dømi ku, bru, bu, gnu og hu, samt i den no sjeldsynte formi kruna. Dei svenske motsvari til desse ordi er ko, bro, bod, gno, hon og krona, og markerar at svensk til liks med dansk høyrer til den austnordiske målgreini. Jamska høyrer til det vestnordiske målvaldet til liks med islendsk og norsk.
TE VÅL GRANSKE :
Eit par anni særdragi for vestnordiske språk, ifølge professor Oskar Bandle[3], er ordi sau og jaart, jarte, svarende til får og idissla i svensk.


Eit anna serdrag er den tonlause eller pustande (spirerte som det gjerne heiter på fint mål) l:en framføre t som i dømi alt, kaldt og salt. Ljoden vert uttala nærast som allht, kallht og sallht. Tilsvarande uttala med pustande l hev me ogso når s stend fyre l, til dømes i ordet slefft som vert uttala [schlefft] og som på norsk landsmål tyder sleipt eller holkugt. Ogso uttala med tonlaus l høyrer til Island, Noreg og Jamtland. [4] Den tonlause l:en vert i jamskan stava med h, altso allht, kallht og shlefft, for å nemna nokre døme.

Urnordisk e som finst i jamskan, til dømes i kne og tre, er ogso unik og hev ikkje noko med stockholmsk innverknad å gjera som ein kann vert lura til å tru.

Upphav

Berre frå dei tvo ovan nemde dømi, anar me kva som er upphavet til jamskan. At no salig professor Elias Wessén såg på jamska som eit svensk målføre, var vandt for honom, og ikkje minst for alle dei jamtane som studera nordiske språk på slutten av 1900-talet og fekk denne uppfatningi innprenta. Uppsalaprofesoren J. A. Lundell, som millum annat skreiv um våre landsmål i 1878, visste betre. Han skreiv at jamskan stend dei norske målføri nærast [5] Forklaringi på desse ulike uppfatningane skuldast slik eg ser det dei nasjonale hendingane kring unionsuppløysingi millum Sverike og Noreg. J.A. Lundell gjorde upp meiningi si på slutten av 1800-talet, medan Wessén gjorde upp si meining um dette etter 1905 og unionsuppløysingi. Med det norske brotet ut or unionen med Sverike, fylgde ein fiendskap mot nordmenner, som blømde enno gjennom norskhistoriene på 1980-talet, men som kvarv burt då den norske kruna vart sterkare enn den svenske og norske idrottsframgongar større enn dei svenske.

Svensk språkkarta, hämtad ur Vårt språk (del 1, 1908) av prof. Adolf Noreen
Klikk på bilda for ein meir oppløyst (pdf-)version.
Svensk språkkarta, hemte frå Vårt språk (s.98, deil 1, 1908), av prof.
Adolf Noreen[5]c. På s.112 i samme utgåve stå å lese:
De väst-nordsvenska ("norsk-svenska"), ursprungligen norska dialekterna i Särna och Idre (nord-västligaste Dalarna), Härjedalen och Jämtland (där dock målet öster om Östersund så småningom öfvergår i medelpadiska eller ångermanländska).

Eit anna døme på kor dårleg innverknad unionsuppløysingi fekk på den svenske uppfatningi av jamskan, er Karl Lorentz Oviks avhandling um oviksmålet (5). Han skreiv, samsvarande med professor Lundell at "Jämtmålet hava utvecklats ur fornnorskan_" og førde etter kvart døme upp dei norske motsvari til ordi i oviksmålet. [6] Han skreiv avhandlingi si i 1903, men på grunn av tenestegjering i Västerbotten, la han ikkje fram avhandlingi i Uppsala før i 1914, ni år etter unionsuppløysingi. Avhandlingi vart ikkje godkjend! Jamskan hadde då vorte eit svensk målføre. Eg kann sjølvsagt taka i miss her, men eg trur det vart skrivne dårlegare avhandlingar på den tidi som vart godkjende! Kor som er, avhandlingi er eit sers godt dokument over jamskan, ikkje minst etter di ho vart ført i pennen av ein språkkunnig jamt.

Dativ

Til liks med islendsk og fleire norske målføre, vert ordi enno bøygde i dativ i jamskan. Diverre døyr dativen snøgt ut i jamskan, då skulen ikkje gjev undervisning i språket.

Når ein segjer at a Pe, då vil det sikkert verta sagt at "det heiter n Pe og då kann ein vel ikkje segja a Pe. Etter di det vanlegvis berre er eldre jamtar som kann dativ, so trur kann henda dei unge at dei eldre talar feil og rettar gjennom å byrja å segja at n Pe, og so vert dativen burte i takt med ukunna.

Men dativen finnest enno att i store delar av Jamtland. Like fullt ser han ut til å ha vorten burte frå bergsmålet. Burtfallet av dativen frå Bergsmålet er dokumentera attende til byrjingi av 1900-talet. Det gjeng fram av døme frå eldre årgangar av soknekrøniken Bervind.

Kva er so dativen eigenleg? Ja det er ikkje so lett å forklåra for den som til dømes ikkje hev studera tysk eller som ikkje hev det i målføret sitt. Stutt sagt kann ein segja at det er ei grammatisk form som markerer eigehøve eller plassering. Dativ vert kjenneteikna gjennom det at formi vik av frå den normale endingi av eit ord. Til dømes i buom, i staden for buan, stårsom i staden for stårsan, skoan at fottrom, reiman at skoom og so burtetter. Endingi –om er dativformi for bunden form fleirtal. I eintal er dativendingi –a i hankyn, -n i hokyn og –an i inkjekyn. Jamskan hev altso tri kyn i motsetnad til svensk som berre hev tvo.

Nokre døme på dativformer:

je sitt på stola (hankyn)
je sitt på soffen (hokyn)
je sitt på bolan (inkjekyn)
mæ sitt på stolom, soffom a bolom (fleirtal)


Preposisjonen styrer dativ ved plassering, det vil segja når ein er på stolen, sofaen eller bordet.

Knytt til eit fyremål fylgjer akkusativ som i tysk. Døme:

je sätt meg på stoln
je sätt meg på soffa
je sätt meg på bole
je sätt meg på stolan, soffan å bola (fleirtal)


Som ovan nemnd fær personnamni umvend artikkel i dativ etter preposisjonen at. Døme: at a Pe og at n Brita (nomnativformene er n Pe og a Brita.) For å nemna nokre av dei preposisjonane som styrer dativ kan me nemna at, frå, før, ta, (til/åt, frå, før, av/tå, med) og nokre av dei som styrer dativ ved plassering; i, , pøne eller pyne, som tyder under (til liks med nord-norske målføre punj). Attåt styrer nokre verb dativ som til dømes taak, fale og hjæælp (tacka, fylgja, hjelpa) og sume adjektiv som til dømes lik, ner, skyllu (like, nær, skuldig).

Døme: Han holp n mor senn. Han va lik a far senn. (Han hjelpte mor si. Han var lik far sin.)

Eigeform og passivform

Nokre fleire serdrag i språket lyt nemnast. Fyrst at me ikkje hev s-genitiv. Me kann altså ikkje segja Hallvars luva på god jamska. Anten må me då ty til ein preposisjonskonstruksjon og segja luva at a Halvar, eller motsvarande med pronomen luva hans Halvar. Ein tridje variant er samansetjingi Halvarluva. Den feminine varianten vert plågge at n Brita. (plågg = hovudklede). Ei eldre form for henn er hennar. Etter di personnamn berre finst i tvo kyn, hev me ikkje inkjekynsform i dette stykkjet.

Jamsk eigeform hev motstykkjet sitt i det nynorske formverket. [7] Eit anna serdrag er at me ikkje hev passivform med s. Burmann kördes hem, kann me ikkje segja på jamska. Derimot Burman vårte heimfole. Eller for å taka eit lettare døme: Graff bars ut, vert på jamska Graff vårte utbøren. Konstruksjon med vårte (vart) kjem altså i jamskan i staden for passiv med s. Ogso i dette stykkjet er formverket i jamska det same som i nynorsk.



Graffen vårte utbören

Tviljodar

Kann henda det mest upphavlege me hev i jamskan er tviljodane. Dei vart burte i svensk alt på 1100-talet. Etter di Jamtland kom under Sverike fyrst på 1600-talet, det vil segja meir enn eit halvt årtusund seinare, kann me ikkje ha fått tviljodane frå svenskane. Ogso av den grunn kann ein ikkje hevda at jamska er eit svensk målføre. Tviljodane våre er elles dei same som dei enno livande vestnordiske ei, au og øy, som me hev til dømes i stein, haug og røyk. Bruken av tviljodar ymsar elles noko i Jamtland. Til dømes saknar austre luten av Jamtland, landskapet Ravund alle tviljodane til liks med landskapet Herjeådalen. Offerdalsbygdene hev ein tviljod, au som i lauk, medan andre bygder enno hev tri tviljodar. Umrådet for Bergsmålet, som femnar um Berg, Åsane, Retan, Kløvsjø, Myssjø og Oviki hev endå til fire tviljodar. Denne fjorde tviljoden er den som språvitarane kallar den sekundære tviljoden åu.

Han vert uttala au, men ein bør skriva han åu for å sleppa samanblanding med au-tviljoden når ein skriv. At denne tviljoden vert kalla sekundær, kjem seg av det at språvitarane meiner han oppstod på 1500-talet. Men frega er um ein skal tru på det. På Island og i Sogn i Vest-Noreg, nyttar ein denne tviljoden. Det er vandt å tru at denne ljoden hev kome upp i tri ulike geografisk åtskilde umråde. Sidan både islendingane og jamtane etter det Snorre Sturlason skreiv, utvandra frå Vest-Noreg, trur eg at dei hadde med seg denne tviljoden alt frå byrjingi. [8] Det tyder i so fall at bergsbuane stammar frå Sogn. Kor som er, Bergsmålet er det jamtske målføret som stend nærast islendsk, ser me burt frå burtfallet av dativen.

Eg må få nemna den mest kjende historia um åu-diftongen, nemleg utropet ved synet av stimbåten Thomée ved stimbåtbryggja i Hoverberg; Nu kom blåumåulebåuten . Thomée var og er blåmåla i motsetnad til dei andre stimbåtane som ferdsla på Storsjøen.

Staving av jamska

Det kann vera greitt å nemna noko um stavingi av jamska. Enno er språket leikegrindi åt skribentane av di me enno saknar faste stavereglar. Stavingi av tje-ljoden i drykkjen, er henta frå nynorsken. Uttalen er den same som i jamskan. I nynorsk er det klåre stavereglar å henta for vår staving. Nynorsk er meir nærskyld med jamska enn noko anna språk. Me kann difor ikkje isolera oss frå det språklege hopehavet i norden og finna på eit eige system med eigne teikn som ingen skynar. Det vil berre leida oss inn i isolasjon. Nei, tek me til oss dei nynorske stavingsreglane, då vil me attåt å få ei jamtsk skriftnorm, ogso opna oss mot ein ny og for oss jamtar nærståande litteratur som til dømes Tarjei Vesaas og andre skjønnlitterære forfattarar. Han skreiv all sin litteratur på nynorsk, til liks med mange andre utmerkte norske forfattarar. No kann henda mange gode jamtar ryggar attende av di at han eller ho ikkje likar tanken på lånegods, men dette vil likevel ikkje vera noko unikt. Færøyingane hadde eit gamalt norrønt mål, men mangla eit skriftmål. Dei lånte då like greitt det islendske stavingssystemet, etter di det låg so nært færøysk. Færøyane fekk sjølvstyre i 1948 og same året vart færøysk offisielt skriftmål.

Når då jamskan både i formverk og uttale ligg nærmast nynorsk, so ser eg det som ein sjølvsagt ting at me lånar stavereglane frå nynorsk, kann henda med nokre utfyllingar frå svensk og islendsk. Slik kunde me, til liks med færøyingane løysa stavingsproblemet snøgt og greitt.

Eit akademi for jamskan, utgått frå Heimbygdas Språkkomite, har sidan 1994 arbeidd med eit framlegg til stavereglar, der utgangspunktet er tufta på 1800-talsforfattarehn Erik "Ácke" Olssons staving og reglane i nynorsk.

Det jamtske ordtilfanget

Etter mitt syn, kjem umlag tri fjerdedelar av dei upphavlege ordi våre frå gamalnorsk eller norrønt mål, medan kann henda ein femtedel av dei gamla ordi kjem frå gamalsvensk. Det rare, er då at det står att delar av ordfanget, som ikkje kann koma korkje frå norsk eller svensk. Eg skal nemna eit par døme. Fyrst det ordet me hev for bråttom, som heiter fjårdd eller fjärrd alt etter kva målføre me talar um. Ordet stend ikkje i Svenskt Dialektlexikon av Rietz eller i Ivar Aasens Norsk Ordbog. So hev me gly, som tyder lunken. Dette ordet kjem kann henda frå tysk Glühwein, som tyder varm vin.

Tek me eit par andre uvanlege ord som preposisjonen at i tydingi til, og mot (i Jamtamot) som tyder ting, so fær me ein leidetråd. Desse ordi kjem frå gotisk. Abraham Hülphers skreiv i 1775: "Om Språket är förut något nämt, at det mycket skiljer ifrån andra Landskaps, så i anseende till sin egen särdeles dialect, at många Göthiska ord ennu bibehållas." [9] Korleis gotisk hev kome inn i jamskan, lyt me lata liggja til ein annan gong.

Korleides me enn slektfestar ordi våre, so er ordfanget vårt trass likskapar med andre mål, sermerkt. Det rare er at det nestan ikkje er forska i dette tilfanget. Jantelogi gjeld til fullnads i Jamtland. Me skal ikkje tru at me er noko, eller at målet vårt er forvitnelegt og verd å vara eller vyrda. Me hev enno ingi ordbok over jamskan og enno mindre interesse frå kulturforvaltande institusjonar til å satsa pengar, trass i at det gjennom åri har vorti satsa millionbeløp på "kultur" i Jamtland.

Jamskan i framtidi

Har jamskan noko framtid? Nei, segjer dei som tenkjer på samfunnsutviklingi, og ser korleides gamle reidskap gjeng ut or bruk og vert skifta ut med nye maskinar og teknikk. Imedan hev ikkje den tekniske utviklingi so mykje å segja, då svært mykje av det me hev rundt oss er statisk. Naturen med blomar og dyr, liksom ord for kjenslor og åtferd er dei same i dag som for tusund år sidan. Då heitte lodjuret gaupa, og gjer so den dag i dag. Tok tolmodet slutt, heitte det då som no , at stutt e belen. Anten me tilverkar myrmalm eller dataprogram, so er det då belene som avgjer um me gjev upp eller ikkje. Ordet er tidlaust. Just som alle andre ord i språkarven vår. Difor er det ikkje noko i utviklingi som stengjer jamskan frå å liva vidare.

Like fullt, eg hev ogso hatt eit myrkt syn for framtidi åt jamskan etter eit upphald på Orknøyane. Der vart det tala "norn" fram til 1800-talet, nærskyld med norsk og jamska. Gjennom skotsk og seinare engelsk undertrykkjing, vart målet kjøvt. Det som er att er ei smerre ordlista, samt ein sermerkt aksent som eg tykte svara til dubbeltoningi i jamska. "Look there" vart uttala lo-ok the-er.

Kann henda ogso jamskan forsvinn på 2000-talet. Orsakene ligg i so fall i mangel på undervisning, og det at mange forelder ikkje lærer borni sine jamska, endå dei talar det seg imillum. Det er å stengja borni våre ute frå kulturarven vår og det kulturelle hopehavet som alle jamska born skulle ha rett til å ha del i. Med kva rett gjer me det? Svar: Jantelogi. Kven hev lært oss jantelogi? Jau, svenskane gjennom å tegja um soga vår i skulebøker og til same tid trø målet vårt under fot og lata som det ikkje finst. Soga vår syner korleides Jamtlogi vart til Jantelogi Slik held vår jamtske kultur på å falla sønder og saman. Den svenske draumen, heilt sidan Gustav Vasa, vert då til røynd. Me hev vortne gode svenskar. Og det er sant. Når ingen talar jamska so kann me heller ikkje hevda vår serhått. Då finnest ikkje nokre jamtar meir, berre norrlänningar, ibuarar i søndre Norrlands innland.

Men vågar me å sjå ljosare på stoda. Då må me i so fall brjota janteogi og endra vårt eige sjølvbilæte, slik at me ser på oss sjølve som berarar av ein verdfull kulturarv. Fyrst då kann me vara og odla jamskan, og då kann me også halda fast på hevden å kalla oss jamtar.

Referenser och fotnoter
[1] Didrik Arup Seip, En Liten Norsk Sproghistorie, 1933, s 3.
[2] Bengt Pamp, Svenska dialekter, 1978, s 9.
[3] Professor Oskar Bandle Nordisk dialektgeografi, problem og metoder, Mot-skrift, Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim, nr.2 1984 s.52f.
Se även Bandle 1967, Studien zur westnordischen Sprachgeographie, Kopenhagen.
[4] Kärnområdet för tonlöst l är Island, Norge och Jamtland. Därutöver förekommer tonlöst l sporadiskt i några svenska dialekter.
[5]a Nordisk familjebok. Konversationslexikon och realencyklopedi ("Ugglan"), band 13, spalt 370, Stockholm 1910.
[5]b J. A. Lundell: "Det jämtländska allmogemålet hör till den nordskandinaviska (norska) gruppen."
[5]c Adolf Noreen, Vårt språk 1, s. 98, 1903. Svensk språkkarta, där Jamtland och Herjeådalen är markerade som ursprungligen norska dialekter).
[6] Karl Lorenz Österberg, Ovikens bygdemål i Jämtland, Lund 1914.
[7] Nynorsk är ett av de två officiella språken i Norge och bygger på de gamla norska dialekterna. Det som vi vanligen uppfattar som norskt riksspråk kallas bokmål.
[8] Ivar Aasen anför en liknande uppfattning i Norsk Grammatik, 2:a uppl 1899, sid 8.
[9] Abraham Hülphers, Beskrifning öfwer Norrland, Andra samlingen om Jämtland, 1775, sid 243.